Leiker for barn og andre som likar å leike

Flapp

Med vridaren på høgre sida vender alle ledda andre sida fram.

Flappen kan ha mange ledd, og du kan dekorere ledda sjølv, eller bestille bokstavar og andre teikn. På bildet ser du ein modell med GOD på framsida og JUL på baksida, og stativet er forma som juletre.

 

Prisar for å byggje sjølv:

  • kvart ledd kr 20 (3-7 (9)) ledd, treng du fleire, ta kontakt) 

  • fot/stativ kr 50 (for 3-9 ledd)

  • klistrelappar med skrift kr 30

Mål i cm: Fot: 11x11 cm, kvart ledd: 8,5x4,5 cm

GOD JUL, komplett kr 100

Ferje

Leiketøy

Ferja har små hjul under. Portane i begge endar kan opnast, og dekket skrår ned slik at det er lett å køyre småbilar inn på ferja.

Mål i cm: 47x15x14

kr 330

Turnar

Leiketøy

Hald handtaket rett opp med turnaren øvst. Klem saman dei to pinnane og slepp taket litt. Gjer dette vekselvis og med ulik kraft, så vil turnaren gjere artige øvingar.

Mål i cm: 28x10

kr 120

Pusleslange 3D

Leiketøy

Slangen er litt bøyeleg. I auga på slangen er det ein pinne som låser alle bitane saman. Mønsterstripe på sidene hjelper deg å finne rett bit når du skal setje saman.

Mål i cm: lengd ca 38

kr 120  TILBOD: kr 80

Puslekloss 3D

Leiketøy

Den runde pinnen låser alle bitane saman. Mønster og ulik farge på alle fire sidene hjelper deg å finne rett bit når du skal setje saman.

Mål i cm: 30x4,5x4,5

kr 120   TILBOD: kr 70

Fuglebrett

Leiketøy / pynt

Brett med fire fuglar som hakker når du rører brettet i sirklar.

Laga etter mønster av leiker som russiske krigsfanger under 2. verdskrig spikka og bytta bort mot mat.

Kvar fugl er laga av eitt stykkje. Fjørene er splitta med kniv og bretta ut medan treet er rått.

Mål i cm: 23x12,5

kr 240

Propell

Leiketøy

Hald hardt i handtaket i motsett ende av propellbladet. Hald vassrett, og dra pinnen hardt over takkane. Då går propellen rundt. Nokon får det til, mens andre ikkje greier det så lett.

Mål i cm: 25x1,5x1,5

kr 40

1/1

Please reload

Velkommen til  Tre-SS!

© 2015 Tre-SS. Laga med Wix.com

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now