Bestillingsvarer
Dette er varer som eg har laga og kan laga på bestilling, men som eg ikkje har på lager. Ta kontakt om du treng dette.

Skilt til merking av f.eks. turstiar
kr 300-600, etter storleik på skilt og kor mange du kjøper.
Skilta er laga av impregnerte material. Teksten er fresa ut på frihand.

Salongbord
kr 5000
Stødig sofabord i massiv furu. Om lag 35 mm tjukke materialar. Beina er om lag 100x100 mm. Overflata er stålbørsta for å få ein rustikk struktur, og årringane i treet kjem tydelegare fram. Beisa med drivved-beis.
Storleik 80x120x48 cm på dette bordet.

Trau, store
kr 900-2000
Trau av furu, bjørk, rogn. Storleik etter eige ønskje opptil ca. 30 cm breidd.
Leveringstid ca. 2 månader.
Sjå elles under Varer til sals.

Fjøler på stativ
Frå kr 400
6 store fjøler (med utsparing til glas eller kopp?) Fjølene heng på eit stativ.