Varer til sals

Lufteskrue til juicekartong

Nyttig for å hindre skvulping og søl når du skal tømme

Skru inn skruen på motsett side av tømmeopningen. (Det kan vera lurt å stikke eit lite hol først med ein blyant eller penn.) Vipp opp loket slik at luft kjem inn når du tømmer.

Skruen er laga av plast og metall. Metallet er lakkert.

Ferje

Leiketøy

Ferja har små hjul under. Portane i begge endar kan opnast, og dekket skrår ned slik at det er lett å køyre småbilar inn på ferja.

Mål i cm: 47x15x14

kr 330

Fuglebrett

Leiketøy / pynt

Brett med fire fuglar som hakker når du rører brettet i sirklar.

Laga etter mønster av leiker som russiske krigsfanger under 2. verdskrig spikka og bytta bort mot mat.

Kvar fugl er laga av eitt stykkje. Fjørene er splitta med kniv og bretta ut medan treet er rått.

Mål i cm: 23x12,5

kr 240

Tiur

Pynt

Fuglen (unnateke føtene) er laga av eitt trestykkje. Fjørene i stjerten er splitta med bandsag og bretta ut.

 

Fuglen er i bjørk, og er montert på fjøl av einer.

Mål i cm: H 19

kr 1700 (måla)  

kr 1500 (trekvit)

Pusleslange 3D

Leiketøy

Slangen er litt bøyeleg. I auga på slangen er det ein pinne som låser alle bitane saman. Mønsterstripe på sidene hjelper deg å finne rett bit når du skal setje saman.

Mål i cm: lengd ca 38

kr 120  TILBOD: kr 80

Puslekloss 3D

Leiketøy

Den runde pinnen låser alle bitane saman. Mønster og ulik farge på alle fire sidene hjelper deg å finne rett bit når du skal setje saman.

Mål i cm: 30x4,5x4,5

kr 120   TILBOD: kr 70

Fjøl med dyremotiv

Nyttig / pynt

Fjøl du kan bruke på kjøkenbordet til å smørje brødskiver på, leggje pålegg på el.l.

Materiale: furu, selje, (einer).

Brutto mål i cm: Små 18x23, store 20x27

Små kr 100, store kr 110 (berre gris)

Stativ for fjøler

Passar til 5-6 fjøler

Spesielt eigna til fjøler med dyremotiv.

Mål i cm: 18x12x10

kr 60

Fjøl med fuglar

Nyttig / pynt

Trefjøl av bjørk, med utskjeringar. Beisa på framsida. Bruk baksida til skjerefjøl.

Mål i cm: ca 35x14x1

kr 210

Fjøl

Nyttig

Ovale bjørkefjøler med bark, som du kan bruke som dei er eller dekorere til f.eks skilt

Mål i cm: ca. 20x12x1

kr 20

1/4

Please reload

Velkommen til  Tre-SS!

© 2015 Tre-SS. Laga med Wix.com

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now